Ei lita oppdatering frå Voss. Som eg nemde til dei av dykk som var på Stord for nokre veker sidan, er det sterke krefter i sving for å opna for utbygging i den verna Raundalselva. Ordføraren (AP) saman med rådmann og Voss energi har utarbeidd ein plan for “skånsom kraftutbygging”. Arbeidet med denne planen var strengt hemmeleg, også for andre politikarar enn ordføraren. I formannskapet i går vart det vedteke (mot stemmene til V og SV) å setja ned eit utval som skal sjå på desse planane. Tanken er at alle partar skal vera med i utvalet, men naturvernarane og padlemiljøet vil boikotta utvalet, fornuftig nok.
Saka er i ferd med å ta av. Laurdag kl 14 skal det vera demonstrasjon på Voss mot kraftutbygging. I dag har eg brukt to timar saman med nrk hordaland . Journalisten var temmeleg sjokkert over politikarane som opnar for å oppheva vernevedtaket. Til sjuande og sist vil dette koma til handsaming på Stortingsnivå viss det ikkje vert stoppa før. Grunneigarane i Raundalen vert lova gull og grøne skogar viss det vert utbygging, mange av desse grunneigarane er flytta ut av dalen for lenge sidan.
NRK vil jobba vidare med saka , og det er supert for oss.Det kjem truleg eit innslag i NRK Hordaland, laurdag. Hilde M. Lydvo (Voss AP) har alt uttalt seg i lokalpressa. Ho er positiv til planane!! Eg har sendt fortløpande info til Snorre sidan han sit i energikomiteen. Dette er ei vikig sak for SV, og eg fryktar at dette er ein prøveballong for utbygging også i andre verna vassdrag. Lokalt har dette slått positivt ut for SV, me har fått mange nye sympatisørar, i alle fall har eg aldri før fått så mange positive tilbakemeldingar.
med kameratsleg helsing
Einar