Ein betre skule for alle

Skulepolitikk har alltid hatt ein sentral plass i SV sitt program. Slike er det framleis, og me må setja vårt tydlege preg på framtidas skulepolitikk. Då handlar det ikkje nødvendigvis om å innføra nye læreplanar, men å sikra elevane ein skulekvardag som gir best mogeleg rammer for læring og utvikling.

Ein føresetnad for dette er nok lærarar. Målet er 3000 nye årsverk i tillegg til dei 2500 som er komne til i denne perioden. Dette vil kunna gjera det mogeleg å få tilbake grenser for elevtal pr lærar. Vårt mål er 15 elevar pr lærar i 1. – 4. klasse og 20 i 5. – 10- klasse. Dette er ein del av den nye satsinga: ”Lærarløftet.”
Urealistisk? Tja, det vart sagt også då Barnehageløftet vart presentert. Dei to ”tyngste” postane i SV si skulesatsing, gratis/rimeleg SFO + 3000 nye lærarårsverk, vil kosta 3.3 mrd kroner. Dette er uhorveleg mykje pengar, men for å setja dette litt i perspektiv, er det freistande å nemna at Høgre brukt 20 mrd på skattelette sist dei var i regjering.

Einar Horvei
3. kandidat, Hordaland SV

Vist 116 gonger. Følgt av 1 person.