Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på bergen360 (tysdag 23. juni 2009). Les mer om roperten…

Politisk stormannsgalskap?

Fylkestinget vurderer å innføra ordning med fylkesregjering, nett som at Bergen har byregjering. Den styrande koalisjonen, dvs. Høgre, FRP og KrF, tinga i fjor ei utgreiing om innføring av parlamentarisme for Hordaland fylkeskommune.

To byar i Noreg har innført parlamentarisme, dvs. ordning med byregjering. Det er Oslo og Bergen. Tre fylke har også parlamentarisme: Troms, Nordland og Hedmark. I alle fall sistnemnde fylke innførte ordninga etter at fylkeskommunane var fråtekne ansvaret for både sjukehus, rusomsorg og barnevern. Etter at oppgåver og ansvar var reduserte, auka talet på høgtløna fylkespolitikarar. Det er ein måte å sjå det på. Og fylkesordføraren i Hordaland fekk sett opp godtgjersla si med eit hundretusentals kroner og to.

Formannskapsmodellen, som dei fleste norske kommunar og fylkeskommunar vert styrte etter, har sitt opphav i Formannskapslovene frå 1837. Den er altså ikkje nett ei nyvinning, men du verda kor berekraftig modellen har vist seg! I formannskapsmodellen er formannskapet øvste organ mellom kommunestyremøta,og partia representerte etter storleik. Ein konsensusmodell, eller semje-modell, vert formannskapsmodellen sagd å vera. Alle parti er med og påverkar saker gjennom deltaking i formannskapet, og alle medlemene sit i formannskapet på like fot. Med formannskapsmodellen vil ein også ha styrande koalisjonar eller fleirtalskoalisjonar som har funne saman i eit fleirtal, men opposisjonen er like fullt representert.

I formannskapsmodellen er Rådmannen, og ja: med stor R, den som leier administrasjonen, dvs. er øvste administrative sjef for kommunen. Rådmannen har såleis stor makt. Det er tradisjon for at Rådmannen legg fram budsjettet – den viktigaste saka eit kommunestyre har oppe kvart år. Det ligg enorm makt i å førebu og leggja fram budsjett. Og det verkar pussig, reint demokratisk, at den største politiske debatten i ein kommune handlar om dei politiske partia vs. Rådmannen…… altså at det er Rådmannsdokumentet dei politiske partia slit og dreg i med kvar sin politiske farge. Opp gjennom åra har det valda både politisk hovudbry og demokratisk bekymring at administrasjonen v/Rådmannen legg premissane før vedtak i saker – og bestemmer gjennomføringa etterpå. Det kan bli lite folkestyre av slikt. Og folkestyret kan bli endå vanskelegare å få auga på om ikkje det er klåre fleirtalskoalisjonar i eit kommunestyre. Det er det jo slett ikkje alltid at det er. Då vert hestehandlane mange, og partipolitikken kan bli vanskeleg å få auga på. Slett ikkje alltid er det heller at ordføraren kjem frå det største partiet i ein fleirtalskoalisjon – nett som då Kjell Magne Bondevik var statsminister i Bondevik II-regjeringa, forresten. Somme kommunar har prøvd ut ordning med direkte ordførarval. Slik fekk Risør RV-ordførar, utan at ordføraren går inn i ein fleirtalskoalisjon……

“Ei ordning med parlamentarisme vil gje meir makt til poltikarane og mindre til byråkratane,” Det sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til BT her om dagen. For i ein parlamentarisk modell er administrasjone politiserte, dvs. leia av ein byråd eller fylkesråd, ein minister, så å seia. Og dei politiske skiljelinene vil koma klårare fram.Det kan så vera, i teorien. Men i den verkjelege verda vert byrådet så topp-tungt og så lukka at kommunestyret har langt vanskelegare for å få informasjon enn i formannskapsmodellen. Og korkje Bergen eller Oslo har fleirtalsbyråd, no om dagen. Det betyr til dømes at budsjetta vert gjorde opp mellom byrådsparti og eitt eller fleire opposisjonsparti, ikkje i det opne rom, men i forhandlingar bak lukka dører og utanom bystyret og bystyrekomitear. Mindretalsregjering krev sjølvsagt kompromiss!

Parlamentarismens verste svøpe i kommune og fylke er at den krev langt fleire heiltidspolitikarar og større administrasjon. Ei lokal regjering skal, i tillegg til seg sjølv, ha sine rådgjevarar. Og når kommunestyret/fylkestinget skal hamla opp med ei regjering som styrer all administrasjon, må det verta fleire heiltidspolitikarar og rådgjevarar/sekretærar på kommunestyresida. Dessutan må det som i Bergen heiter “Bystyrets kontor”, og som driftar bystyret og komitear administrativt, bemannast opp for å gå bystyret til hende. Då skal den demokratiske vinninga vera tydeleg. Og det er den ikkje. Alldeles ikkje i Bergen, der fleirtalet ikkje eingong vil ha eit berekraftig bydelsstyredemokrati for å supplera den topptunge byråds-ordninga. Og i dei tre fylkeskommunane med fylkesregjering? Vel, politisk stormannsgalskap er nemninga denne spaltisten finn mest dekkande. Og stormannsgalskap er stormannsgalskap, om enn aldri så politisk!

Innlegget er ein del av BAs serie Oddny på onsdag

Vist 70 gonger. Følgt av 1 person.