Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på bergen360 (tysdag 11. november 2008). Les mer om roperten…

Kitty ikkje for katten!

Kattar er ikkje for katten. Det kan alle som har hatt katt, skriva under på. Med ein katt i huset, er det ikkje tobeinte som sjefar i heimen. Alle tobeinte, vil katten meina, er i grunnen til for å stå på pinne når det høver katten: når ein skal bli klødd bak øyra, når ein skal børstast for laus-pels, når ein skal sleppast ut, når ein skal sleppast inn, når ein skal ha mat, når ein vil ha annan slags mat, når det skal skiftast sand i kattedoen – når nyfanga mus eller fuglar skal beundrast. Sjølvsagt er det dei tobeinte sitt ansvar å føra eit visst medisinsk tilsyn, til dømes vita når det kattelege herskapet må ha sine ormekurar, eller bli ettersedde for flått. Bevares!

Kattar er små dyr, men sterkt nærverande. Spaltisten er vaksen opp med katt. Sjølvsagt! Kvart småbruk må ha minst ein musefangar. Dessutan høyrer det med til gardsdrift å ha katt, vil eg meina. Etterkvart meiner eg også at det kan høyra med til byheimar å ha katt. I vår byheim var det eit sjølvoppnemnt “Pusevern” som ein dag kakka på døra og lurte på om vi ikkje kunne hysa ein halvt års gammal heimlaus katt. Kattar har rett på ein heim, meinte “Pusevernet.” Slik kom myndige Emma i vårt hus. Og då Emma var borte, var Pusevernet på døra att: Om vi kunne ha katten Kitty i fosterheim enn så lenge? For Kitty hadde ingen stad å vera, slik eg fortalde om i ei spalte her i sommar. Og dermed, sommaren for 10 år sidan, vart engstelege, litt unnselige Kitty med grå pels familiemedlem i lag med to vaksne og tre born.

No har Kitty vandra til dei evige jaktmarker. Sjeldan kan dette uttrykket høva betre enn for kattar. Eg er viss på at i det Kitty-ske paradis, der kattar sjølvsagt kvar dag vaknar spretne, spreke og helsige, der føregår ei evig musejakt. Mesta som for vikingane i Valhall – dei som vakna opp kvar dag til nye slag og mektige måltid med kjøt og mjød kvar kveld. Eg er litt uviss på koss det vert ordna det med mysene – for i eit paradis skal sjølvsagt myser gå i tryggleik, ikkje i angst og beven for evig jaktande kattedyr. Men i paradis let slikt seg heilt sikkert ordna. I Kitty sitt paradis er det dessutan sikkert og visst ein møkakjellar. Ein god, gammaldags møkakjellar, prikk lik den heime på barndomsgarden min som Kitty har halde til i alle somrar ho har vore med til Tøsse. Visste du ikkje at eit paradis må ha ein møkakjellar? Med lukter og insekt og biller, passe halvmørk til at eit kattedyr har full og heil kontroll over alt som kjem inn og ut – medan eit tobeint menneske berre ser to skinande kulerunde kattaugo når ein glytter inn…… Ein slik møkakjellar har heilt sikkert Kitty i sitt paradis!

Mest heile livet var Kitty godt i stand, men ingen tjukk katt. Ne-hei! Ho åt sjølvsagt ikkje kva som helst, og mjaua kunne verta temmeleg standhaftige om ikkje det fall i smak, det som kom på fatet. Ho lika best kattemat med saus på. Og matlei vart ho innimellom. Då måtte familien ut på tokt for å finna nye smakar….. spesielt etter at pusen fekk eit tandert mage- og tarmsystem.

Kitty hadde ein løyndom: om natta vart ho innimellom til ein elefant. Annleis kan det ikkje forklarast når vi innimellom høyrde tunge tramp i trappa, og alle utanom Kitty hadde lagt seg. Ragnar skvatt himmelhøgt ei svært sein kveldsstund då det gjekk tungt i loftstrappa – det høyrdest ut som om ein…….. elefant! var på veg opp. Så skrapa det bestemt på døra – og Kitty kom inn og skulle kløast. Elefanten var omgjord til Kitty att……….

Det er mykje godt selskap i ein kattepus. Å høyra ein katt mala av velvere er reine sælebota og stressmeistringa for toføtte. Du kjem ikkje heim til tomt hus når du har ein katt! Det er slett ikkje sikkert katten kjem og møter deg, for når katten er åleine heime, inntar katten den varmaste senga med den mjukaste dyna – sjølvsagt! Men om morgonen, då kom Kitty. Med ein gong ho høyrde vi byrja å lea oss i retning badet, då steig ho ned trappa og gav seg til kjenne, med von om å kapra Ingrun si seng og bli morgon-klødd bak øyro. Før ho gav beskjed om det var for lite mat i skålene til å greia seg på anstendig vis gjennom dagen. Det måtte nemleg aldri vera tomt eller lite mat. Rikeleg skulle det vera i skålene, mesta som i eit spiskammers.

I ti år fylgde Kitty oss i helg og vyrke, ein heil epoke i familielivet. I Kitty-epoken vaks borna frå ungar til ungdommar med Kitty som ein dagleg medlevar, ja, som ein familiemedlem å rekna. Kjærleik har ho fått, og kjærleik har ho gjeve att – ho var raus slik. Sjølvsagt er ho gravlagd i hagen, og til våren skal det veksa krokus attmed epletreet til minne om Kitty. Det kan vera du synest vi overdriv, og det kan til og med henda at du har rett, men då skal du berre vita, at for oss, for oss var Kitty slett ikkje for katten!

Vist 35 gonger. Følgt av 1 person.