Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på bergen360 (onsdag 29. oktober 2008). Les mer om roperten…

Løyndarklubben

Frimurarane er sette under lupa. Dokumentaren på TV2 måndagskvelden sette eit kritisk søkjelys på ein løyndarklubb som har tradisjon for å ha sterke “samfunnsstøtter” som medlemer. Det kviler eit mystikkens slør over frimurarane. Løynlege rituale – ja løynleghald i det heile, er eit kjenneteikn ved Losjen. Og som namnet seier, er det nett det, ein losje.

I dokumentaren på TV2 fortalde ein tidlegare frimurar om at han hadde sloppe unna ei fartsbot då det viste seg at politibetjenten sjølv var losjemedlem. Vel 19 000 menn er på landsbasis medlem av Frimurarlosjen, og frå gammalt av heng det høgt å få bli medlem i broder-lauget. Ja, for dette er broder-skap, og ikkje brorskap (kameratskap), slik Torbjørn Jagland ein gong drog skiljelina. I alle fall er det ein løynd, ugjennomtrengjeleg kameratskap – på tvers av landegrenser.

BA refererte i går til frimurar Per Langhelle, direktør i tiftelsen Statsraad Lemkuhl, som seier at føremonen ved å vera med i Frimurarlosjen ikkje er å ordna seg gode, men å bli eit betre menneske.

Vel, Frimurarlosjen minner ikkje nett om noka vanleg kvinnegruppe, for å seia det slik.Enn seia dei gamle kvinneforeiningane kring by og land.Underteikna meiner seg å kjenna rimeleg godt til kvinneleg organisering. Frimurarlosjen er utan tvil maktas losje – og maktas organisering. Difor er løynleghaldet så hinsides eit ope demokrati, slik vi gjerne vil, dei fleste av oss, at det norske samfunnet skal vera.

“Guttklubben Grei” har vorte ei slags samle-nemning på ymse forsamlingar av menn med makt, t.d. makthavarsjikta innan næringslivet. Kor mange av dei som er medlemer i Frimurarlosjen, har vi nokre år kunna lesa i offentleggjorde medlemslister. M.a. la den seinare så kjende kristne avisa “Magazinet” for nokre år sidan ut medlemslistene for losjen.

“Gutteklubben Grei” i ulike variantar er ikkje noka organisert forsamling eller ein eigen losje. Men dei uformelle banda kan vera like sterke som dei formelle. Og den norske “Gutteklubben Grei” i næringslivet er kjenneteikna ved at dei sit i kvarandre sine styre på kryss og tvers, at dei vert sparka frå eine til hitt firmaet på kryss og tvers og at dei ofte kjem frå same utdanningsmiljø. Dessutan motbeviser dei ordtaket om at det blæs kaldt på toppane – for i “Gutteklubben Grei” blæs dei helst frå topp til topp.

Spaltisten har lese medlemslistene for Frimurarlosjen for Bergen. Det er både interessant og uinteressant lesnad, for å seia det slik. Nokon ungdomsorganisasjon er ikkje losjen, det er i alle fall sikkert. Dei som skal gjera seg til betre menneske gjennom deltaking i Frimurarlosjen, dei tykkjest rimeleg etablerte – på alle vis. Nokon ubefesta sjeler er dei ikkje……. Eller er kanskje rekrutteringa dårleg? Det hadde vore å vona at den yngre garde – “wannabe-maktelite” heldt kritisk avstand til dei lukka broderskap. Makteliten er meir enn sterk nok om ikkje den skal utviklast bak lukka dører attpå til.

Den valde makta i Bergen glimrar stort sett ved sitt fråver i Frimurarlosjens medlemslister. Eg har funne FRPs gruppeleiar i bystyret, Tor Woldseth, som medlem, men ikkje ordføraren. Både varaordførar Trude Drevland og gruppeleiar Hilde Onarheim, begge Høgre, ville, om dei var menn, frå gammalt av vore naturlege kandidatar til losjen. Men eg trur faktisk at begge desse damene har eit så grunnleggjande og moderne demokratisk sinnelag at dei hadde valt å stå utanfor – uansett! Verre er det med sjølvaste fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, som på mange vis er den mest prominente på lista. Det må høva dårleg for Statens mann i Hordafylket å vera medlem av ein løynleg maktlosje – om enn han er saman med ei rekkje politifolk og for den del advokatar og visstnok dommarar. Personar med verv og embete innan demokratiet burde halda seg langt unna denneslags, eg kan ikkje skjøna anna.

Frimurarlosjen er ein anakronisme. Det er eit varsko om maktas løynde strukturar at han framleis finst. På sett og vis legitimerer Frimurarlosjen også andre lukka klubbar, det vere seg Kjegleklubbar eller Lions eller Odd Fellow. Dei er ikkje noko pluss for demokratiet, dei er berre: løynlege.

prenta i den faste BA-spalta Oddny på onsdag

Vist 36 gonger. Følgt av 2 personar.