Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på bergen360 (onsdag 24. september 2008). Les mer om roperten…
Det blæs om læraren – og skulen. Naturleg nok. Skulen er truleg den viktigaste institusjonen vi har i heile samfunnet jamsides heimen. Det er skulen som har i føremålsparagrafen å gjera oss til “gagns menneske” – ikkje åleine, men likevel.
Skulen har vore prøvestein for mang ein handlekraftig politikar i statsrådstolen. Ikkje minst Gudmund Hernes og Kristin Clemet. Så melder då også lærarorganisasjonane unisont om reform-trøyttleik. Det er alvorleg. Reform-trøyttleiken i skulen i dag må takast på alvor. Utvikling er ikkje det same som omvelting. I dei store omveltingane har det vore mykje godt vit blant lærarar og skulefolk elles som ikkje har vore etterspurt av “reformatorane.” Det verste ein kan gjera mot engasjerte fagfolk er å ikkje spørja etter meiningane deira, ikkje lytta til dei og overkøyra dei.
Det har vore sagt at skulen er i krise. Det er å ta i, og illustrerer vel heller kor lettvint vi her oppe på Oljeberget nyttar den slags omgrep no om dagen. Men at skulen har sitt å ta tak i, derom stridest ikkje dei lærde. For det har skulen.
Læraren er krumtappen i skulen. Alle har vi meiningar om læraren, ofte sterke meiningar. Fordi læraren er viktig i eitkvart menneskes liv og læring i grunnleggjande år. Norsk lærarutdanning er for tida under lupa etter å ha vorte dømd “nord og ned” av NOKUT (Najonalt organ for kvalitet i utdanningen). 5-årig lærarutdanning vert vurdert, turnus-år er foreslått, allmennlæraren, sjølvaste læraren i generasjonar, er kanskje på veg ut. I alle fall når ein kjem over småtrinnet.
Heile Noreg står overfor eit generasjonsskifte blant lærarane. I vidaregåande skule er meir enn halvparten av lærarane over 50 år. I grunnskulen i Bergen er gjennomsnittsalderen blant lærarane høg, sjølv samanlikna med landsbasis. Det gjer at Bergen har høg-kompetente og røynde lærarkrefter, men at mange kjem til å gå av med pensjon dei neste 5-10 åra, når etterkrigsgenerasjonen når pensjonsalderen.
Internasjonalt sluttar 30-50% av lærarane i skulen dei fyrste 3-5 åra etter utdanning. Det har vi ikkje råd til når “pensjonskulla” rullar ut or skulen. Sjølv om det å skifta jobb i våre dagar er “tidstypisk” og ikkje berre knytt til læraryrket. Universitetslektor Marit Ulvik ved Universitetet i Bergen har sett på kva som kan gjerast for å få dei unge lærarane til å bli i skulen.
Ein viktig grunn til at lærarar sluttar i yrket er krevjande arbeidsvilkår og mangel på gode støtteordningar for nye lærarar, seier Marit Ulvik (m.a. i kronikken “Hvorfor vil ikke lærerne jobbe i skolen?”) Det er også ein vanleg kritikk at lærarutdanninga ikkje er relevant og difor ikkje førebur godt nok for yrket. Somme sluttar avdi dei aldri hadde tenkt å bli lærarar, men ville bruka lærarutdanninga som utgangspunkt for andre karrierar og jobbar. Atter andre sluttar grunna endra arbeidsoppgåver og mindre sjølvstende i yrket. Vi veit at lærarorganisasjonane sjølve har vore svært opptekne av det dei kallar byråkratiseringa av yrket: at stadig meir tid går med til rapportering og “papirarbeid” og at mindre tid vert att til fagleg utvikling, fordjuping og det ordinære lærar-arbeidet.
Å gjera noko for fyrste gong er krevjande. Det har vist seg at den fyrste jobben ein ny lærar får, og praksiserfaringane under utdanninga, betyr mest for korleis læraren knyter seg til yrket, seier Marit Ulvik. Ho seier også at dei fyrste undervisningserfaringane er den einskild-faktoren som ser ut til å påverka fråfallet frå yrket mest. Det viser seg diverre at nye lærarar ofte får særleg krevjande oppgåver – og somme gonger jobben dei andre ikkje vil ha. Det seier seg sjølv at slikt kan gå på motivasjon, sjølvtillit og arbeidsglede laus!
Kva kan så gjerast? Det eine er å sikra ei god og praksisnær utdanning som samsvarer med utfordringane i yrkeskvardagen. Det andre, foreslår Ulvik, er å innføra betre overgangsordningar frå utdanning til yrke. Ein nyutdanna lærar bør få redusert arbeidsbelastning, rett og slett mindre undervisning – og kvalifisert oppfølging, om eg skjønar Marit Ulvik rett. Den nyutdanna treng tid til utvikling og samarbeid. Ja, sjølvsagt! Kanskje er det nett her at kjernen til å utvikla den gode læraren ligg? Eg hugsar sjølv korleis eg som nyutdanna sosionom vart motteken ved Landås sosialkontor i 1983: eg fekk tildelt overkomelege og tilpassa oppgåver, enkle frå fyrsten og meir innfløkte etter kvart. Det var ei opplæring til å bli fagleg trygg av, og som eg framleis hugsar tilbake på med glede.
Læraren står i blåsten i kvardagen. Ein trygg lærar står støtt, og dei ny-utdanna er dei som skal bli dei røynde. Men då må dei bli i yrket – det treng skulen – og det treng den oppveksande slekt.
Kommentarar
For bare et par uker siden var det en ny utdannet kollega som ga seg etter bare to måneder i yrket. Som hovedgrunnen til dette snakket hun om at det hun hadde lært på høyskolen hadde ingenting å gjøre med virkeligheten hun hadde truffet på ungdomsskolen, Sannsynligvis hadde hun også fått alt for mye ansvar.
Jeg tror at alle vi som jobber på skolen har opplevd dette med at det vi lærte har lite samsvar med situasjonen i klasserommet. De aller fleste av oss har ridd stormen av i 2-3 år, til vi har fått en bredd nok erfaring til at vi kunne støtte vår praksis på.
Det er klart at problemet ikke bare er rekruteringen: det er studenter på lærerhøyskolen. Hovedpoenget er å få folk til å bli i yrket. Her er det mye som burde være med for å få lærere til å bli værende på skolen: mer tid til undervisning/forbereding og mindre til administrasjonsarbeid; verdsettelse av lærerens rolle i samfunnet; bedre muligheter til etter- og videreutdanning gjennom permisjoner, sabbattår; mindre gap mellom inntekten i det offentlig (dette gjelder ikke bare skolen…) og den private sektoren. Men dette er sikkert del i en større debatt.