Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på bergen360 (torsdag 18. september 2008). Les mer om roperten…

Kven skal ta ansvar i Sandviken?



Bergen er fattigare. Gjennom to brannar i Sandviken har byen mist særprega og uerstattelege sjøbodar. Dei to brannane var like tragiske, men hadde svært ulike utgangspunkt. I Skutevikenhadde ein nokolunde ansvarleg eigar teke vare på bygningane, men diverre ikkje prioritert å brannsikra. På Måkeskjæret har elendige eigarar gjort minst mogeleg for at boden ikke skulle brenna ned eller ramla saman. Vi får håpa at denne ugjeringa vert straffa.

Alle som har vore i Sandviken, veit at det kan koma nye brannar og at fleire sjøbodar står til nedfalls. Vi som bypolitikarar har eit ansvar for at kulturminne ikkje brenn eller rotnar opp. Det ansvaret kan vi ikkje springa ifrå, sjølv om eigarane er private. Kva kan vi gjera? SV har spurt byrådet om det ikkje bør vurderast å ekspropiera dei mest utsette sjøbodane. Dette har byrådsleiar Monica Mæland avvist som «typisk sosialisme» (BT14.09.I sitt svar til oss i bystyresalen måndag fortalde ho oss at det ikkje spelar noka rolle kven som eig bodane i Sandviken. Eitt av argumenta hennar var at dei verna og UNESCO-lista gårdene på Bryggen eine og åleine er i privat eige.



Bryggen er ikkje ått av kommunen eller nokon annan offentleg instans. Men om lag halvparten av Bryggen er ått av ei ikkje-kommersiell stifting støtta av det offentlege pluss private velgjerarar. Stiftinga har eigen handverkarstab med spesialkompetanse på bevaring og tradisjonshandverk. 
Dette er ein heilt annan privat eigar enn dei vi har sett og ser i ljoset av flammane i Sandviken. Og Stiftinga Bryggen skriv jo også i BT (17. 09) at deira «viktigste redskap så langt har vært eierskap».



Eit godt grep for å ta vare på Sandviken vil vera å syta for at ein slik kompetent og ideell eigar får ein dominerande posisjon. Sjøbodane i Sandviken treng nokon som bryr seg om og har greie på gamle hus. Det kan finnast fleire måtar å gjera eit slikt grep på, og det kan finnast blandingar av
desse igjen : 1)Stiftinga Bryggen kan få meir offentlege og private pengar og kjøpa opp bodar i Sandviken 2) Bergen kommune og Sandviken kulturhistoriske forening (med støtte frå Staten) kan etablera ei ny stifting etter modell av Bryggen. 3) Eigarne i Sandviken kan friviljug gå saman om eit selskap eller ei stifting med kompteanse på bevaring. 

For å ta politisk ansvar og grep i Sandviken , nektar vi i SV å utelukka kommunal ekspropriasjon og kommunalt eiegarskap som eit verkemiddel. Er det sosialisme i byrådets augo, så gjerne for oss! Men, for å vera heilt tydeleg: Det er ikkje noko mål for SV at kommunen eig flest mogeleg sjøbodar. Det ingen av oss kan springa frå, sosialistar eller ikkje, er at vi som bypolitikarar i Bergen har eit ansvar for å gjera noko som verkar når kulturminne i byen vår brenn og rotnar opp. Kva er byrådet sitt svar?

Vist 41 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Jeg mener klart at der bør innføres en bruksplikt overfor eierne av verneverdige sjøhus og ikke minst alle eiendommer som har en historie bak seg som ikke kan tapes. En bruksplikt som krever at eierne setter istand eiendommene, der kultur lag og organisasjoner tar eiendommene i bruk. Da kan eierne få en viss inntekt til å holde disse vedlike og det kan yre av kulturliv og annet som kommer folket tilgode. Her kan kommunen gi brukerne tilskudd til å ha råd til å leie seg inn og de den gruppen stabile levevilkår. Rockeband til sangere, dans til rafting på byfjorden og turismen som viser interesse for historiske boder fordi de er velstelte og pene å se til. Om eierne da ikke anvender bruksplikten bør byantkvaren og kommunen få en kjøpsrett av falleferdige historiske rønner til en lav pris. Så kan kommunen ha det i sitt eie, pusse det opp å anvende det til allment kulturformål eller til museum for turismen.